Små og store samla til allsang!

I Sauherad kjem barn frå både skule og barnehage syngande over vegen til eldresenteret. Der samlast alle til allsang og leik rundt tuntreet.

- Det er andre gong vi arrangerer Sang over veien, så no er arrangementet endeleg tradisjon! ler initiativtakar Jorid Vale. Ho er strålande nøgd med både vårvêret, stemninga og innsatsen frå både store og små.

 

SYNG SAMAN

Sauherad Bygdeheim ligg midt i smørauget mellom kommunen sin barnehage og skule, og det var difor naturleg å samlast akkurat her. Torsdag 4. mai stod eit lite folkehav av born, vaksne og eldre på plassen utanfor Bygdeheimen og song for full hals. Målet var ikkje å opptre for kvarandre - men å synge saman, i kjend allsong-tradisjon. 

- Både Kulturskolen, Gvarv Barnehage og Sauherad Barne- og ungdomsskole har, som del av Krafttak for sang sitt Syngande kommune-prosjekt, jobba mykje med å skape meir rom for sang både i kvardagen og i oppsetnadar. No var det endeleg tid for å vise fram resultatet av prosjektet, legg ho til.  

 

 Initiativtakar Jorid Vale var også forsongar under allsangen på Bygdeheimen i Sauherad.

Initiativtakar Jorid Vale var også forsongar under allsangen på Bygdeheimen i Sauherad.

GENERASJONSSONG PÅ ELDRESENTERET

Dei eldre på Sauherad Bygdeheim får elles jamlege beøk frå barnehagen, der små og store syng og leikar saman. 

- Fleire av bebuarane fortel om møta med ungane som eit av dei største høgdepunkta i kvardagen, smiler Vale. - Så den samlande generasjonssongen er definitivt noko vi vil halde fram med! Eg kan også varmt anbefale å bli ein syngande kommune, og satse på song som ei samlande og identitetsskapande kraft i lokalsamfunnet, legg ho til.

Les mer om Syngende Sauherad: 

NRK Telemark var på plass og laget denne reportasjen: