Delta på video-opprop for meir sang i skulen!

Delta i video-oppropet "Den stemmen jeg har"!

I kjølvatnet av at ordet "sang" er fjerna frå ny overordna læreplan, har vi opplevd eit historisk engasjement for å sikre at barn og unge får synge meir i skulen. Medie-Norge kokar av innlegg om saka, og politikarar, artistar og 21 sang- og musikkorganisasjonar har samla seg til opprop.

Prosjektet "Den stemmen jeg har" - er ein videocollage av fine ord, historiar og personlige tankar om kvifor sang betyr noko for enkeltmennesket. Både Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og Kulturminister Linda Hofstad Helleland vil få tilsendt filmen, og den blir også publisert på facebook. 

 

NY FRIST GRUNNA STOR PÅGANG: onsdag 18. oktober 2017

_____________________________________________________________________

 

KORT OM PROSJEKTET

Spel inn ein kort filmsnutt (gjerne på telefonen din) om eitt av desse tema: 

  • Kvifor er sang viktig for deg? 

  • Kvifor meiner du at sang høyrer heime i skulen? 

Du kan enten fortelje ei kort, personlig historie, eller snakke generelt om tema. Hugs at ditt klipp berre vil bli eitt av mange, så noko kutting vil kunne forekomme! 

Opptaket vil bli publisert i både på facebook, twitter, instagram- og youtube-kanalar, samt får sjølvsagt både kunnskaps og kulturministeren kvar sin versjon. 

 

Artisten Moddi mener han ikke hadde vært den har er i dag uten satsning på sang og musikk i grunnskolen.
"Sangane er vår felles kulturarv. Det å synge gjer oss glade, og skapar fellesskap!" seier Liv Signe Navarsete (SP) i sitt bidrag til "Den stemmen jeg har"-kampanjen.
Etter sangstuntet til fungerande Kunnskapsminister Henrik Asheim, har Kjell Helge sunge "Bamsefars tilsvar".
"Elevene får utfolde seg og utfordre hverandre på en helt annen måte enn de får ved bare å lese, skrive og regne", seier Stortingsrepresentant og lærar Marit Knutsdatter Strand (SP)

 

_________________________________________________________________________________

SLIK DELTEK DU:

  • Film ein kort sekvens på 30-40 sekund der du svarer på eitt av spørsmåla i forrige avsnitt. Du kan filme deg sjølv, (og viss det er veldig flaut kan du berre ta opp stemma di). 
  • Film i "ståande" format på telefonen din
  • Frist for innlevering: onsdag 18. oktober 2017
  • Hugs å skrive navnet ditt i eposten til oss!

 

- Opptaket sendast til enten: 

Epost: iris.skadal@musikk.no

Eller som messenger-melding på Krafttak for sang
sine facebook-sider

 

BAKGRUNNEN FOR VIDEO-PROSJEKTET:

ORDET "SANG" ER FJERNA FRÅ LÆREPLANEN

Bakgrunnen for videoprosjektet er at ordet "sang" er fjerna frå den overordna delen av ny læreplan i skulen, og vi ser ein ein tydelig trend i at sang- og musikk får mindre plass i både lærarutdanning og skulesystem elles. Dette skjer til trass for at vi aldri før har hatt meir forskning som syner at sang stimulerer læringsevner, trivsel, fellesskapskjensle, kreativitet og evna til å fokusere.

SANGEN HAR MANGE POSITIVE EIGENSKAPAR

Vi veit at det å synge saman aukar nivået av tilknytningshormonet oxytocin og lykkehormonet dopamin i kroppen, og senkjer nivået av stresshormonet kortisol. Vi veit at det å synge kan skape meistringskjensle, at det er eit smart verktøy for bl.a. språklæring, og at det kan skape sårt trengde "pausar" i ein hektisk skulekvardag. Vi veit også at sang og musikk kan skape djuptgripande opplevelsar for dei som deltek- og høyrer på.

 

"Sangane er vår felles kulturarv. Det å synge gjer oss glade, og skapar fellesskap!" seier Liv Signe Navarsete (SP) i sitt bidrag til "Den stemmen jeg har"-kampanjen.

ALLE BØR FÅ SYNGE!

Vi i Krafttak for sang fryktar at sangen vil bli nedprioritert i skulekvardagen som følge av endringane i den nye læreplanen, og at dagens barn og unge vil gå glipp av moglegheiten til å bli kjend med kulturarva og fellesrepertoaret vårt, samt det å bli kjend med si eiga stemme. I tillegg meiner vi at det å fjerne spesifikke krav om sangbruk vil føre til at færre får oppleve dei mange trivselsfremjande og fellesskaps-byggjande kvalitetane som ligg i det å synge - både saman og for andre.

Den stemmen jeg har

 

DESSE STØTTAR OPPROPET:

Krafttak for sang

Norges korforbund

Ung i kor

Musikernes fellesorganisasjon

Folkeakademienes Landsforbund

Fonoko

Norsk musikkråd

Musikkens studieforbund

Norsk sangerforum

Musikk i skolen

Musikk fra livets begynnelse

Klassisk

Unof/Nuso

Nasol

Norsk kulturskoleråd / Kor Arti´

Syngende skole

Syngende barnehage

Norsk viseforum

Kvedarforum

Folkorg

Norsk Jazzforum

Musikk i fengsel og frihet

Ung kirkesang

 

 

Alle spørsmål kan rettast til kommunikasjonsrådgjevar Iris Engen Skadal:

Ta gjerne kontakt dersom du elles lurer på noko!

Epost: iris.skadal@musikk.no

Tlf: 90212783